Sider

søndag 22. mai 2016

B R O W N I E S

 

Denne brownie oppskrifta har vore min favoritt i mange år, den er god akkruat som den er, og i tillegg er den flott å bruke som kakebotn til mousse, is og ostekaker.
 

Brownieoppskrift: 

4 egg 
2,5 dl brunt sukker(Om du ikkje har brunt sukker, kan du bruke kvitt sukker til alt i staden.) 
2,5 dl kvitt sukker 
1 ts salt 
2 ts vaniljesukker 
6-8 ss kakao 
200 gr smelta smør 
3 dl mjøl 
100 gr god sjokolade, grovt hakka. (Her kan du bruke melkesjokolade, eller mørk sjokolade, alt etter kva du liker best.) 
2 ts bakepulver 


Bland saman alle ingrediensene, men ikkje den grovhakka sjokoladen, til ein jamn masse. Ha så i den grovhakka sjokoladen. Ha alt i ei lita langpanne. (Om du vil lage ei stor langpanne, ei slik som passer i ein standard omn, då kan du doble oppskrifta. Denne passer til ei slik langpanne som du har lokk oppå etterpå. ) Dekk langpanna med bakepapir, slik at du slepp at kaka set seg fast i forma.

 

Steik midt i omnen på 175°C i ca 25-30 min. 


Dette er ein fantastisk brownie! I tillegg til at den er deilig å ete, er den og god til å fryse, og den tiner fort når du skal servere
den.



mandag 2. mai 2016

D U L C E Y I S

Eg kjøpte meg ismaskin tidlegare dette året, det har ført til mykje eksperimentering i ettertid. Eg er fortsatt like fascinert over den perfekte is-konsistensen ein får ved å fryse isen hurtig ned på denne måten. Det er ikkje mogleg å få same resultatet utan ismaskin.
 
Min er ein «second hand» maskin som eg berre betalte litt for, men for eit resultat det gjev. Så no tenker eg på is både morgon og kveld, det er jo så mykje godt ein kan kombinere.

Sjokoladeprodusenten Valrhona har utvikila ein ny type sjokolade, den er ikkje kvit, ikkje lys, ikkje mørk, men blond. Denne har ein heilt særeigen smak, som minner litt om brunost og smørkjeks. Fargen denne sjokoladen utviklar under produksjonen er heilt unik, og nydeleg å sjå på. Tenk å bruke denne sjokoladen i ein fyldig iskrem, det må bli godt.
 
Ingredienser:

3 dl fløyte
3 dl h-mjølk 
½ vaniljestang 
150 gr sukker 
4 ss vatn 
5 eggeplommer 
¼ ts salt 
75 gr dulcey sjokolade
 
Slik gjer du: 

1. Smelt sjokoladen i mikrobølgeomnen(korte intervall, rør mellom kvar gong), eller i vannbad

2. Ha sukker og vatn i ei gryte. Smelt sukkeret på middels varme, sukkeret skal karamelliseras, det skal få ein fin gyllenbrun farge. Ikkje rør i sukkeret medan det smelter, men når det byjar å bli brunt kan du røre i det. Du må vere kjapp å begynne på neste trinn med ei gong sukkeret er brunt. 

3. Ha i fløyte, og mjølk i sirupen. Hell med ei tynn stråle. Splitt ei halv vaniljestang, skrap ut frøa. Ha både stang og frø i den varme fløyteblandinga. No vil det nok vere mykje av sukkeret som stivnar i væska, difor varmar du blandinga opp medan du rører, slik at alt sukkeret smelter igjen. 

4. Pisk saman eggeplommer og salt i ein eigen bolle. 

5. Ta ut vaniljestanga frå fløytemjølka. 

6. Hell den varme fløytemjølka over eggeplommene, visp medan du heller. 

7. Rør inn den smelta sjokoladen.

8. Hell alt tilbake i gryta igjen, varm alt på middels temperatur til eggeplommene begynner å koagulere. No vil ismassen tjukne ved hjelp av eggeplommene. Rør i gryta når du ser at massen byrjar å bli varm, det skal ikkje koke, men det vil tjukne rett under kokepunktet. Ta gryta av varmen med ei gong du ser det har tjukna, hell det så over i ein bolle. 

9. Kjøl ismassen ned i kjøleskapet, gjerne over natta. (I alle fall nokre timar, slik at den er kald før ein kjører den i ismaskinen.) 

10. Kjør massen i ismaskinen, ha isen over i ein egna behaldar. Legg eit lag med plastfolie heilt nedtil isen, slik at det vert lufttett mellom isen og plastfolien. Ha på lokk, legg i frysa. Isen må stå nokre timar i fryseboksen for å bli skikkeleg kald, og for å få rette konsistensen. Isen held seg i fleire veker i fryseboksen. 

På bileta av isen har eg hatt over rabarbrasirup og raw-lakrispulver, lakris passer utruleg godt på smak saman med Dulcey sjokolade.

Rabarbrasirup 

Denne sirupen er god til is, inni pralinar og på kaker. 

Ingredienser: 

2 dl rabarbrasaft 
1 ss glukose 

Slik gjer du: 

1. Ha alt begge ingrediensene i ei gryte, reduser væskemengda ved å koke det opp. Kok safta med glukosen til temperaturen blir 106°C, bruk eit termometer. Om du ikkje har termometer må du berre sjå kva tid det er så tjukt som du vil ha det, det tek litt tid å redusere. 

2. Kjøl sirupen ned i kjøleskapet.

 

fredag 22. april 2016

L A N G P A N N E K A K E




Nokre gonger melder behovet seg for å lage ei heilt vanleg sjokoladelangpannekake. Når det skjer pleier eg å lage denne. Den er enkel å lage, og utruleg god på smak. I tillegg treng ein ikkje ha tallerken og skei for å ete den, det går heilt fint å berre halde den i handa. 




Som pynt på denne kaka har eg skogblomen «gauksyre», den er syrleg og god på smak. Dette er sjølvklart ikkje nødvendig, det vil fungere absolutt minst like godt med nonstop, kakestrø eller kokos. Eg for min del har venta lenge på at denne blomen skulle kome fram, så no endeleg var den her. Det var litt tidleg endå, så det kjem til å vere endå fleire, og større blomar om ei veke eller to. Desse er så fine og skjøre, og gjer seg utruleg godt som pynt på kaker, og i salater. Dei blømer ikkje så lenge, men blada er å finne heile vår og sommar sesongen, og dei er og gode som garnityr til middag, og i salatar. Det er mykje syre i denne veksten, så ein skal ikkje ete uendeleg store mengder av den, men litt er heilt ufarleg. 



Oppskrift: 

400 gr meierismør 
4,5 dl mjølk 
7 ss kakao 
4 egg 
3 dl brunt sukker 
5 dl kvitt sukker 
9 dl mjøl 
1 ts salt 
2 ts natron 
1 ss ekte vaniljesukker 
1 beger lett rømme 

1. Forvarm omnen på 180°C 
2. Kok opp smør, mjølk og kakao i ei gryte 
3. Ta gryta av plata, bland i 4 egg medan du rører godt med ein visp 
4. bland inn resten av ingrediensane med ein slikkepott, bland det til ei glatt og jamn røre. 
5. Ha røra i ei stor bakepapirkledt langpanne. 
6. Steik ved 180°C i ca. 35 min, sjekk med ein kniv eller liknande om kaka er ferdig steikt. Då stikk du kniven ned i kaka, om det heng røre på kniven då du tek den opp igjen, då må du steike den nokre minutt til.
7. La kaka kjøle seg heilt ned før du tek på sjokoladekrem. 



Sjokoladekrem:

400 gr melkesjokolade(Ein type som er så god at du kunne tenke deg å ete den einaste) 
200 gr fløyte 
1 ss smør 
½ ts salt

1. Varm fløyten til kokepunktet 
2. Ha i grovhakka melkesjokolade, la denne smelte i den varme fløyten 
3. Ha så i smør og salt. 
4. Kjøl kremen ned litt 
5. Ha kremen på den avkjølte kaka 
6. Eg har smelta litt kvitsjokolade i litt fløyte, og laga mønster oppå kaka. Dette er sjølvklart ikkje naudsynt, berre dekorativt. 
7. Sett kaka kaldt, skjær opp kaka når sjokoladekremen er kald og har sett seg. 


Denne kaka er aller best om den er romtemperert før eting, tykkjer eg. Om ein ikkje klarer å ete opp heile kaka på ei gong, kan ein sette den i kjøleskapet, så er den minst like god om den står nokre dagar. 


Og nokre gonger kan det vere helsemessig fornuftig å fryse ned restane. Det fungerer og fint, og den er like god når ein tek den opp igjen. 


mandag 18. april 2016

D O N U T S


Smultringar er nå vel det norske namnet på denne friterte gjærbaksten, men det høyres aldri så lite "julete" ut. Og donuts er nå absoutt noko folk kan ete heile året. Og så lenge som ein har noko oppå smultringane, då går det over frå smultring til donut tykkjer eg. 

Donuts er godt både for auga og for ganen, dei er utruleg fine å sjå på. Akkurat passeleg rustikt preg, og så mykje ulike måtar å variere både smak og utsjånad. 

Dette bakverket er som all anna gjærbakst, det er best fyrste dagen. 

Eg har kome fram til ei grunnoppskrift som eg er nøgd med, og den vil eg gjerne dele her.
 

Oppskrift

2,5 ts tørrgjær 
2 dl melk (H-melk) 
1 egg 
40 g romtemperert meierismør (må vere heilt mjukt) 
1 dl sukker 
0,5 ts salt 
6,5-7 dl kveitemjøl(Vil variere litt frå gong til gong, må ikkje ha i for mykje mjøl) 
0,5 ts kardemomme 
500 gr smult/flott (til steiking)

 

Slik gjer du: 

1. Veg opp mjøl, salt og kardemomme i ein bolle 

 2. Varm melka i mikro eller i ei gryte til den er 40°C, bland inn tørrgjær, meierismør, egg og sukker. Rør godt til alt er oppløyst. 

 3. Tilsett alt mjølet, saltet og kardemommen, bland dette godt inn slik at deigen vert jamn og fin å arbeide med.  

4. La deigen heve til dobbel storleik, i ca. 1 time. (Tida vil variere, alt etter kor varmt det er i rommet der bollen står.)

5. Kjevle ut deigen til 1-1,5 cm tjukkelse. 

6. Trykk ut sirklar med passelege former. Du kan fint bruke glass som utsikker, og eggeglass i midten, om du ikkje har runde kakeutstikkere. (Kjevle ut overflødig deig på ny igjen, og stikk ut fleire smultringar.) 

 7. Legg smultringane på eit bakepapir, på eit steikebrett. La dei heve til dobbel storleik. Dette tek omtrent ein time.


Steiking:

1. Varm smulten/flott matfett opp til 180°C, i ei gryte. Det er lurt å ha eit termometer i gryta heile tida, slik at ein følger med på at olja held same temperatur gjennom heile prosessen. Den kan variere frå 170°C - 182°C, men bør ikkje gå over eller under desse temperaturane. Pass på å ha grytelokket som høyrer til gryta ved sida av deg heile tida, om feittet byrjar å brenne må du legge på lokket med det same, slik at det ikkje får oksygen. Du må IKKJE ha brennande feitt under vatn, det kan eksplodere. Passer du på at temperaturen ikkje går over 182°C vil det ikkje byrje å brenne, men ein må aldri gå i frå ei smultgryte. Born bør heller ikkje vere med å steike smultringar, dei må i tilfelle stå i slik avstand at dei ikkje kan få feittet på seg. 

2. Steik to smultringar om gongen i gryta. Har du i fleire smultringar vil feittet få temperaturfall, og resultatet vert ikkje det same. Steik smultringane til dei har blitt gyldne på eine sida, vend dei i gryta og steik dei gyldne på andre sida og. Det går fort å steike dei, så ein må følgje godt med. 

3. Legg dei nysteikte smultringane på eit lag av tørkerull, papiret vil då trekke til seg overflødig feitt. Om du vil rulle nokre smultringar i sukker, bør dette gjeras nesten med ei gong du har tatt dei ut av gryta. 

4. Smultringane kan gjeras om til donuts med ei gong dei ikkje er så varme lenger, då kan du ha på anten melisglasur eller sjokoladeganache.

 

Sjokoladeganache: 

1 dl føyte 
150 gr melkesjokolade 
1 knivsodd salt

1. Varm opp fløyten til kokepunktet, ta gryta av plata. 

2. Ha i finhakka melkesjokolade og salt, rør i dette til det har blitt ein jamn og fin ganache. 

3. La denne kjøle seg ned i kjøleskap, ha den i en sprøytepose.

Ferdiggjering

Eg hadde nokre donuts som eg rulla i sukker rett etter steiking, og nokre som eg sprøyta sjokoladegansche på. 

Dei som eg sprøyta sjokoladeganache på dryssa eg over med litt røsta mandler, og litt hakka frysetørka bringebær. 

Røsta mandler lager ein enkelt ved å setje steikeomnen på 150°C, ha grovhakka mandler fordelt jamnt utover ei bakepapirkledt steikeplate, og røste mandlene i omnen til dei er gyldne. Dei må ikkje bli brent, då smaker dei forferdeleg, men er dei røsta smaker dei fantastisk.

 

fredag 8. april 2016

S J O K O L A D E K J E K S

Ein god heimelaga sjokoladebetekjeks er utruleg freistande, og denne oppskrifta gjev deg det. 



Den er søt, full av sjokolade, litt sprø og litt seig i midten. Akkurat dei to siste tinga er det du sjølv som styrer med steiketida, liker du dei sprø så har du dei i omnen litt lenger.


Kjeksane er best om du lager dei store, absolutt best om dei er rundt 8-10cm i diameter. Det viktigste er likevel at du lager alle kjeksane så like i storleik som mogleg. Dette gjer at dei blir steikte jamnt. 

Oppskrift:

240 gr mjøl
1/2 ts bakepulver
1/2 ts salt
160 gr romtemperert meierismør
190 gr brunt mjukt sukker
90 gr vanleg sukker
1 ss ekte vaniljesukker
1 egg
1 eggeplomme 
200-300 gr melkesjokolade 

1. Bland godt saman i ein kjøkkenmaskin, med grind/K-krok, sukkker, smør, brunt sukker og vaniljesukker. 

2. Bland inn egget og eggeplomma i smør/sukker-massen. Bland kraftig til det er lyst og kremete. 

3. Sikt mjølet, bland det forsiktig inn saman med salt og bakepulver i den kremete røra. 

4. Ha i grovhakka melkesjokolade, det kan godt vere litt store betar. Her bør du bruke god kvalitetssjokolade. Eg har laga kjeksen med både 200 og 300 gram, den er sjølvsagt best med 300 gram, men det er ein smakssak. Rør sjokoladen inn, ikkje rør meir enn nødvendig. 

5. Samle kjeksmassen i ein plastpose/brødpose, lag ei lang pølse av den inne i plastposen. Legg i kjøleskap. Når kjeksmassen er blitt kald og hard, tek du den ut og skjærer opp i skiver som du steiker ved 170°C. Steik til dei er gyldne. Ca 10-12 min. 


Tips:

Eg steiker aldri meir enn det eg treng om gongen.

Når eg har skjært opp det eg treng så frys eg resten av kjeksmassen. Den held seg godt i frysa om den er pakka godt inn i plast, og tiner fort når du skal skjære opp neste gong.

På denne måten kan ein servere nysteikte kjeks fleire gonger, og ein har alltid noko godt klar i frysa.






tirsdag 5. april 2016

F L Ø Y T E K A K E


Dette er ei fantastisk god kake, passer ypperleg til store anledningar. Er utruleg lett å variere i forhold til dekorasjon, så ein treng aldri å lage den lik som ein har laga før.

 

Sukkerbotn: 

6 egg 
180 g sukker 
180 gr kveitemjøl
1 ts bakepulver

Slik gjer du: 
Pisk egga saman med sukkeret i ein kjøkkenmaskin, pisk det til eggedosis. Eggedosisen skal vere så tjukk at du skal kunne sette tre strek i den, og når du set den siste streken, så ser du framleis den fyrste. No er eggedosisen klar, og du skal ikkje bruke kjøkkenmaskinen meir. 

Sikt mjøl og bakepulver i eggedosisen med ei sil/sikt, vend så dette forsiktig inn i eggedosisen. Du skal vende slik at alt mjølet vert blanda inn, men ikkje så kraftig at du presser ut for mykje luft frå eggedosisen. 

Hell røra i bakepapirkledte former, anten ei 24 cm i diameter, eller fleire små.

På desse bileta har eg brukt fleire små former, men alle fekk plass på eit bakebrett i omnen. 

Steik i forvarma omn, 160°C i ca 45 min. 

Dette med tida varierer mykje, ta dei ut når du ser at dei er ferdige, dei må ikkje stå for lenge i, då vert dei tørre. Du kan kjenne med ein kniv, stikk kniven i kakebotnen, er det deig på den når du tek den opp igjen så er den ikkje heilt ferdig.

Kakebotnane kan lagas ein dag og to i førevegen, då er det mykje lettare å arbeide med dei. Då oppbevarer du dei i plastpose i kjøleskapet.

 

Fylling av kaka:


Piska fløyte:
 

3 dl fløyte
1 ss sukker
1 ts ekte vaniljesukker 

Pisk dette saman til ein luftig krem i ein kjøkkenmaskin. Ikkje pisk for lenge, den skal ikkje skilje seg når du tek den i munnen. 

Vaniljekrem (Heimelaga eller ferdig kjøpt.)
Bringebærsyltetøy 
Aprikossyltetøy 
Mjølk til dynking 

Slik gjer du når du monterer: 

Skjær opp kakebotnane med ein stor konditorkniv/brødkniv, i så mange delar du ynskjer. 

Legg ein av delane oppå eit kakefat, dynk forsiktig med litt mjølk oppå botnen. Smør eit godt lag med bringebærsyltetøy på, smør så eit lag med vaniljekrem. No har du på ein ny botn, dynk forsiktig med mjølk. Smør på eit lag med aprikossyltetøy, ha så på eit godt lag med krem. Ha på ny botn, no kan du lage fleire lag oppover, eller du kan stoppe no. På den siste botnen du tek så skal du berre dynke litt med mjølk, og ha på eit godt lag med fløyte på toppen.

 

Dekorer etter ynskje, men som de ser har eg her pynta med friske bringebær, marsipanroser, sjokolademakronar, hakka frysetørka bringebær og fløyte. Fløyten har eg hatt i ein sprøytepose med stjernetyll. Og for at marsipanen til marsipanrosene skulle få ønska farge har eg blanda i rosa- og litt brun pastafarge i "Ekstra kvit Odense Marsipan". Då fekk eg varm og fin gammelrosa farge. 

 

Hugs at fløytekake må oppbevaras i kjøleskap, er haldbar opptil tre dagar.

 


onsdag 30. mars 2016

P Æ R E Ø Y E B L I K K


Her er oppskrifta på pralinane som gjorde at eg vann ein fantastisk tur til Odense Marcipanfabrikk i Danmark. Konkurransen var eit samarbeid mellom Bake og Odense Marcipan.

 

450 g norske pærer i betar (må fjerne kjernehus, skrelle og dele opp før veging) 200 g vatn 100 g sukker ¼ vaniljestang 1 ts sitronsyre 1 ss glukose Kok opp vatn, pærer, sukker og splitt vaniljestanga.Skrap ut frøa, ha alt i gryta. La småkoke til pærene er møre, ca 30 min. Ta ut sjølve vaniljestanga frå gryta. Ha i 1 ts sitronsyre. Bruk stavmiksar slik at det vert ein klumpefri masse. Sil alt gjennom ei saftsil. Det som vert liggjande igjen i saftsila kan ein spare og ha til fyll i ei kake, eller på brødskiva. Safta som ein siler av/klemmer ut, skal ein bruke vidare til å lage pæresirup, pass på å klemme ut det ein kan av safta. Ha safta i ei gryte, no skal væskemengden reduseras. La safta koke i 5-10 min saman med 1 ss glukose, hell sirupen over i ein glasbolle for å kjøle ned. La den bli kjøleskapskald, då skal den vere litt tjuktflytande og glatt i konsistensen. Ha sirupen i ein sprøytepose.

 

Vaniljeganache:
 
 ¼ vaniljestang 100 gr fløyte ½ ts glukose 100 gr kvit Ivoire sjokolade, Valrhona, eller Odense kvit sjokolade Ha sjokoladen i ei lita skål. Varm fløyten til kokepunktet saman med vaniljestang og glukose, hell dette over sjokoladen. Rør til det er ein jamn og glatt ganache. Kjøl ned til kjøleskapstemperatur, ha i einsprøytepose.

 

Kjevle ut Odense ekte marsipan 2-3mm tjukkelse, skjær eller trykk ut ynskja form, slik at den passer som siste lag isjokoladeforma. 

Temperering av sjokolade: 
400 gr kvit Ivoire sjokolade frå Valrhona, eller Odense kvit sjokolade Ha sjokoladen i ei skål, varm opp på intervall på 20 sek i mikroomn. Rør godt i sjokoladen mellom kvar intervall. Sjokoladen skal varmast opp til 45-48°C . Hell 2/3 av sjokoladen ut på ei marmorplate, tabler sjokoladen ned til 26-27 °C. Hell sjokoladen over i skåla igjen, saman med den resterande 1/3 av sjokoladen. Når du no rører saman sjokoladen skal den ha ein temperatur på 28-29°C. Om den ikkje er så varm, må du varme den i 3-4 sek i mikroomnen igjen, men den må ikkje bli varmare enn 29-30°C. Vert den varmare må du starte heile oppvarmingsprosessen på ny. Dette er kjemi, ein må følgje temperaturane til punkt og prikke. Om ein ikkje har marmorplate, kan ein berre ta tida til hjelp, det viktigaste med tempereringa er at sjokoladen må innom dei nemnde temperaturane i rettrekkefølgje. No er sjokoladen ferdig temperert, og klar til å bearbeiding. 

Støyping av pralinar: 
Om ein vil ha litt farge på pralinane slik som her, må ein ha oljebasert konditorfarge/eller sjokoladefargar i pulveri smelta kakaofeitt, pusse formene med bomull, og male formene på førehand. Hell sjokoladen over i ei polycarbonateform/hardplastform som er pussa godt med bomull på førehand. Hell ut overflødig sjokolade, bank ut luft mellom sjokoladen og forma, når ein har eit passeleg tjukt lag med sjokolade i forma skal ein sette denne kaldt. Når sjokoladen er stiv skal ein fylle i sirup, ganache og marsipan. Fyll fyrst i pæresirup, fyll i vaniljeganche, ha i eit akkurat passeleg lag med(2-3mm tjukkelse) odense ekte marsipan til slutt, før ein legg eit lok over heile pralinane med temperert kvit Ivoire sjokolade/Odense kvit sjokolade. Kan vere lurt å legge sjokoladeloket på med ein sprøytepose, sidan dette er eit flytande fyll. Sett forma i eit kaldare rom nokre minutt. Har ein temperert sjokoladen rett vil konfektane no nærmast dette ut av forma sjølv, om ein berre snur den på hovudet.


Nyt konfektane romtemperert.