Sider

lørdag 24. oktober 2015

P Æ R E K A K E


Kva gjer ein vel ikkje når ein har kjøpt fleire korger med pærer på ein fruktgard like i nærleiken, jo, ein tenkjer på kva godt ein kan få ut av denne herlege frukta. 


Ideane var utallige, men ein stad må ein jo lande. Og det blei til denne oppskrifta her. Eg er av den typen som har vanskeleg for å følgje ei oppskrift, for det kan jo absolutt hende resultatet kan bli betre om ein gjer nokre endringar. I dette tilfellet vart det ei heilt ny kake. 



Denne pærekaka er full av gode ting, og ikkje minst er dei særdeles gode i lag. Det kan umogeleg verte feil med pære, marsipan, mandler, valnøtter, kvit sjokolade, mørk sjokolade og melkesjokolade. 


Pærekaka er herved servert, og den var god, absolutt like god som eg såg for meg. 


Oppskrift på pærekake:

2 egg
100 g smør, smelta 
90 g sukker
3/4 dl fløyte
2ss kakao 
1 ts bakepulver
100 g mjøl
1 ts vaniljesukker
litt salt
30 g hakka mandler
20 g hakka valnøtt 
80 g hakka marsipan
20 g hakka melkesjokolade
30 g hakka kvit sjokolade
40 g hakka mørk sjokolade 
3-4 pærer i skiver

180 •C 

Grovhakk alt som skal hakkas, legg til side litt av alt, slik at ein kan strø det på toppen til slutt. Pisk egg og sukker til eggedosis. Ha i fløyte, rør inn. Vend inn smelta smør, sikt alt det tørre, og vend forsiktig inn. Til slutt skal ein ha i nøtter, marsipan og sjokolade. Fyll alt i ei bakepapirkledt lita brødform. Legg pærer fint på toppen, strø over litt av nøttene,sjokoladen og marsipanen.

Steik i ca 50 min, midt i omnen. Legg over litt aluminiumsfolie når ein ser st kaka begynner å få litt farge.

- M A R T A -