Sider

onsdag 10. august 2016

R I P S P A I


No har ikkje eg plass til meir ripssaft i frysa, så då må ripsen brukas til noko anna. Då er det friskt og godt med ein ripspai. Lun ripspai er nydeleg saman med vaniljeis, eller litt piska kremfløte. 


Mørdeig
 

300 g kveitemjøl 
200 g margarin 
100 g melis 
60 g egg 
1 ts vaniljesukker 

Bland alt godt saman til ein god deig.  

Du vil få ein del mørdeig til overs, denne kan frysas og brukas ved ei anna anledning. Då er det berre til å tine den ved romtemperatur, og kjevle ut på ny. 



Montering av paien 

Mørdeig 
Vaniljekrem(kjøpt eller heimelaga)
Rips 
Sukker

Kjevle mørdeigen til den er 2-3mm tjukk. Legg mørdeigen i ei smurt paiform. Fyll forma halvt opp med vaniljekrem, dekk så vaniljekremen med eit godt lag rips. Strø litt sukker over ripsen. Skjær mørdeigen i tynne strimler, legg strimlene i eit fint mønster oppå paien. Pensle strimlene med egg. 

Steik paien ved 170 grader, nederst i omnen, til paideigen er blitt gylden i fargen. Tida vil variere alt etter storleiken på paien.