300 g kveitemjøl
200 g margarin
100 g melis
60 g egg
1 ts vaniljesukker
Bland alt godt saman til ein god deig.
Du vil få ein del mørdeig til overs, denne kan frysas og brukas ved ei anna anledning. Då er det berre til å tine den ved romtemperatur, og kjevle ut på ny.
Montering av paien
Mørdeig
Vaniljekrem(kjøpt eller heimelaga)
Rips
Sukker
Kjevle mørdeigen til den er 2-3mm tjukk. Legg mørdeigen i ei smurt paiform. Fyll forma halvt opp med vaniljekrem, dekk så vaniljekremen med eit godt lag rips. Strø litt sukker over ripsen. Skjær mørdeigen i tynne strimler, legg strimlene i eit fint mønster oppå paien. Pensle strimlene med egg.
Steik paien ved 170 grader, nederst i omnen, til paideigen er blitt gylden i fargen. Tida vil variere alt etter storleiken på paien.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar