Sider

fredag 15. juli 2016

M O R E L L K A K E



Morellane er i sesong på min kant av landet. Og morellar er så utruleg saftig og godt! Me har eitt morelltre i hagen, dei fleste åra har dette gitt oss to-tre morellar, men i år har det vore fleire titalls. Og søte og gode er dei og. Det fortente ei kake!


Morellkake:

220 g smør
500 g brunt sukker
15 g vaniljesukker 
15 g kakao
30 g honning
1 knivsodd salt
200 g mørk sjokolade (mellom 50-70% kakaoinnhald. Eg brukte Valrhona sjokoladen Caraibe her, den har 66% kakaoinnhald. Freia sin Dronningsjokolade er og god, og den er trass alt mykje lettare å få kjøpt. )
4 egg
225 g mjøl
1 ts bakepulver

200 g melkesjokolade (Om du er mest glad i mørk sjokolade kan du bruke ein med 50-70% kakaoinnhald her og.)

Nyplukka norske morellar


Slik gjer du: 

1. Smelt smøret i ei gryte.

2. Rør brunt sukker, kakao, honning, vaniljesukker og salt inn i det smelta smøret.

3. Ha i sjokoladen, rør til sjokoladen er smelta i den varme massen.

4. Rør inn egga, eitt om gongen.

5. Bland inn mjøl og bakepulver, rør til det er ein jamn masse.

6. Hell røra over i ei bakepapirkledt langpanne, eg har brukt både den store originale som høyrer til komfyren, og eg har brukt ei litt mindre langpanne med lokk. Bruker du ei slik litt mindre, med lokk, då må du forlenge steiketida noko.

7. Steik kaka i forvarma omn, midterste rille, 175°C i omlag 17 minutt. Kaka skal vere litt seig.

8. Legg på 200 g sjokolade med ei gong kaka er tatt ut av omnen, la det stå for seg sjølv i 10 minutt, no er sjokoladen smelta og du kan bre den jamnt utover kaka. ( Takk til Anita Riskedal for tipset om å legge sjokolade oppå ei kake på denne måten, absolutt ikkje siste gongen det kjem ei oppskrift med dette!)

9. La kaka stå i eit kaldt rom, i forma, slik at sjokoladen får stivne heilt.

10. Skjær opp kaka i små stykker når den er kald/sjokoladen er stivna. Om du vil ha ei rund kake, kan du berre stikke den ut med ei rund form. 


Kaka kan frysas, og er like god når du tek den opp igjen. Den tiner fort på kjøkkenbenken. Du kan ikkje fryse den etter at du har hatt morellar og fløyte på, fløyten tek lang tid på å tine og morellen er ikkje fast og fin etter opptining. Difor lager eg ikkje klar med krem og morell meir enn det eg trur me skal ete. Kaka er god som den er utan noko oppå og, så frys ned det som ikkje skal brukas.


Krem:

1,5 dl fløyte
1 ss sukker
1 ts vaniljesukker

11. Pisk saman alt til ein krem, viktig å ikkje piske for mykje. Kremen skal halde formen, men den skal ikkje vere kornete eller skilje seg. 

12. Ha kremen i sprøytepose/plastpose med for eksempel ein stjernetyll. Sprøyt små topper på kakene. (Oppskrifta på krem er berre nok til noko av sjokoladekaka, så du må auke oppskrifta med fløyte noko om du skal lage klar heile kaka på ei gong.)

13. Ringle over litt morellsirup, det gjer god smak og fin farge. (Kan godt kutte ut om du ikkje har.) 

14. Pynt med morellar, og litt hakka sjokolade. 

15. Oppbevar kaka i kjøleskapet etter at du har hatt fløyten på. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar