Sider

onsdag 22. juni 2016

J O R D B Æ R S A F T


Jordbærsaft er noko eg lenge har tenkt på å lage, men steget frå å tenke til å gjere, kan vere nokså langt nokre gonger.  

No har eg då endeleg kjøpt inn nyplukka og søte jordbær frå Fister, blanda saman og kokt opp. Resultatet svarte til forventningane, og blei utruleg friskt og godt. Safta kan både blandas med vatn og drikkas, eg kan ha den i ismaskinen og lage sorbet, eller eg kan redusere den til sirup seinare. Jordbærsirupen vil då vere heilt nydeleg i konfekt, og som smakstilsetting i ganache.


Oppskrift:

1200 g nyplukka jordbær(norske)
7 dl vatn 
500 g sukker 
15 g sitronsyre

Slik gjer du:

Vask jordbæra, skjær vekk det grøne. Ha jordbær, vatn, sukker og sitronsyre i ei gryte. Kok opp, når jordbæra er mjuke stamper du dei slik at du får ut mest mogleg saft. Kok i ca. 10-15 min. Sil alt gjennom ei saftsil, ikkje tving safta gjennom, la det renne sjølv. Då vert safta blank og fin. Hell safta over på flasker, og frys. 

Restane av jordbær som ligg igjen oppi saftsila er no blitt til tjukt og godt syltetøy, hell det over i ei skål, og nyt.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar