Sider

fredag 17. juni 2016

V A N I L J E S U K K E R


Vaniljestenger er dyrt å kjøpe inn, men det er verdt det, for det er så utruleg godt. Det eg har gjort i mange år er å kaste vaniljestengene etter kvart som eg har brukt dei. Og så har eg samtidig kjøpt ekte vaniljesukker på boks.


For det fins faktisk ekte og uekte vaniljesukker, det som er ekte inneheld dei karakteristiske svarte vaniljefrø «prikkane». Uekte vaniljesukker har ingenting med vanilje å gjere, men det inneheld vanillin som er eit syntetisk framstilt stoff som kjem frå bartrer. Det gjev og heilt grei smak, men skal vaniljesmaken vere verkeleg framtredande i det du lager er det best å bruke ekte vanilje. 


Tilbake til alle desse vaniljestengene eg har brukt i mine år på kjøkken, som eg har kasta etter at eg har skrapt ut frøa, og kokt dei opp i væske. Eg angrar no. Eg har lenge visst at ein kan lage sitt eige vaniljesukker, og no har eg då altså gjort det. 

Eg har samla brukte vaniljestenger i nokre veker. Svigermor har og hjulpe meg, og kome til meg med dei ho har brukt. Då er alle frøa skrapt ut, i tillegg er dei blitt kokt i væske ( for eksempel is, panna cotta og andre ting.) 

Når du har brukt vaniljestanga ein gong så skyller du den godt i kaldt vatn, slik at den er rein. Så legg du den til tørk på ein tallerk på kjøkkenbenken, og no må du ikkje dekke til vaniljestanga, du må la den ligge ope til tørk nokre døgn. Når den er heilt sprø, og all fuktigheit er ute av den kan du legge den i ein boks. Men om det er litt fuktighet igjen i stanga, og ein legg den i ein tett behaldar, då vil det koma bakterievekst og mugg. Så pass på å la den ligge ope så lenge at den er heilt sprø og tørr. Slik gjer du kvar gong du bruker ei vaniljestang, så samlar du alle i same boksen. Når ein har samla 4-6 vaniljestenger er ein klar til å lage sitt eige vaniljesukker. 


Dette treng du: 

200 gr sukker

4-6 tørre og brukte vaniljestenger (les teksten ovanfor for å forstå kva eg meiner med «tørre og brukte») 

Slik gjer du: 

1. Kjør saman sukker og vaniljestenger i ein foodprocessor, med kniv. Kjør det godt til sukkeret ser ut som melis, og vaniljestengene er heilt knust. 

2. Ta det på lufttette behaldarar/glas. 

No har du ekte vaniljesukker utan nokon form for konserveringsmidlar, heimelaga og godt. Det er har lang haldbarheit så lenge det er oppbevart tørt. Dette er og ei flott gåve å gje vekk til andre. Ein bruker dette vaniljesukkeret akkurat likt som anna vaniljesukker.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar