Sider

mandag 18. april 2016

D O N U T S


Smultringar er nå vel det norske namnet på denne friterte gjærbaksten, men det høyres aldri så lite "julete" ut. Og donuts er nå absoutt noko folk kan ete heile året. Og så lenge som ein har noko oppå smultringane, då går det over frå smultring til donut tykkjer eg. 

Donuts er godt både for auga og for ganen, dei er utruleg fine å sjå på. Akkurat passeleg rustikt preg, og så mykje ulike måtar å variere både smak og utsjånad. 

Dette bakverket er som all anna gjærbakst, det er best fyrste dagen. 

Eg har kome fram til ei grunnoppskrift som eg er nøgd med, og den vil eg gjerne dele her.
 

Oppskrift

2,5 ts tørrgjær 
2 dl melk (H-melk) 
1 egg 
40 g romtemperert meierismør (må vere heilt mjukt) 
1 dl sukker 
0,5 ts salt 
6,5-7 dl kveitemjøl(Vil variere litt frå gong til gong, må ikkje ha i for mykje mjøl) 
0,5 ts kardemomme 
500 gr smult/flott (til steiking)

 

Slik gjer du: 

1. Veg opp mjøl, salt og kardemomme i ein bolle 

 2. Varm melka i mikro eller i ei gryte til den er 40°C, bland inn tørrgjær, meierismør, egg og sukker. Rør godt til alt er oppløyst. 

 3. Tilsett alt mjølet, saltet og kardemommen, bland dette godt inn slik at deigen vert jamn og fin å arbeide med.  

4. La deigen heve til dobbel storleik, i ca. 1 time. (Tida vil variere, alt etter kor varmt det er i rommet der bollen står.)

5. Kjevle ut deigen til 1-1,5 cm tjukkelse. 

6. Trykk ut sirklar med passelege former. Du kan fint bruke glass som utsikker, og eggeglass i midten, om du ikkje har runde kakeutstikkere. (Kjevle ut overflødig deig på ny igjen, og stikk ut fleire smultringar.) 

 7. Legg smultringane på eit bakepapir, på eit steikebrett. La dei heve til dobbel storleik. Dette tek omtrent ein time.


Steiking:

1. Varm smulten/flott matfett opp til 180°C, i ei gryte. Det er lurt å ha eit termometer i gryta heile tida, slik at ein følger med på at olja held same temperatur gjennom heile prosessen. Den kan variere frå 170°C - 182°C, men bør ikkje gå over eller under desse temperaturane. Pass på å ha grytelokket som høyrer til gryta ved sida av deg heile tida, om feittet byrjar å brenne må du legge på lokket med det same, slik at det ikkje får oksygen. Du må IKKJE ha brennande feitt under vatn, det kan eksplodere. Passer du på at temperaturen ikkje går over 182°C vil det ikkje byrje å brenne, men ein må aldri gå i frå ei smultgryte. Born bør heller ikkje vere med å steike smultringar, dei må i tilfelle stå i slik avstand at dei ikkje kan få feittet på seg. 

2. Steik to smultringar om gongen i gryta. Har du i fleire smultringar vil feittet få temperaturfall, og resultatet vert ikkje det same. Steik smultringane til dei har blitt gyldne på eine sida, vend dei i gryta og steik dei gyldne på andre sida og. Det går fort å steike dei, så ein må følgje godt med. 

3. Legg dei nysteikte smultringane på eit lag av tørkerull, papiret vil då trekke til seg overflødig feitt. Om du vil rulle nokre smultringar i sukker, bør dette gjeras nesten med ei gong du har tatt dei ut av gryta. 

4. Smultringane kan gjeras om til donuts med ei gong dei ikkje er så varme lenger, då kan du ha på anten melisglasur eller sjokoladeganache.

 

Sjokoladeganache: 

1 dl føyte 
150 gr melkesjokolade 
1 knivsodd salt

1. Varm opp fløyten til kokepunktet, ta gryta av plata. 

2. Ha i finhakka melkesjokolade og salt, rør i dette til det har blitt ein jamn og fin ganache. 

3. La denne kjøle seg ned i kjøleskap, ha den i en sprøytepose.

Ferdiggjering

Eg hadde nokre donuts som eg rulla i sukker rett etter steiking, og nokre som eg sprøyta sjokoladegansche på. 

Dei som eg sprøyta sjokoladeganache på dryssa eg over med litt røsta mandler, og litt hakka frysetørka bringebær. 

Røsta mandler lager ein enkelt ved å setje steikeomnen på 150°C, ha grovhakka mandler fordelt jamnt utover ei bakepapirkledt steikeplate, og røste mandlene i omnen til dei er gyldne. Dei må ikkje bli brent, då smaker dei forferdeleg, men er dei røsta smaker dei fantastisk.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar