Sider

fredag 8. april 2016

S J O K O L A D E K J E K S

Ein god heimelaga sjokoladebetekjeks er utruleg freistande, og denne oppskrifta gjev deg det. 



Den er søt, full av sjokolade, litt sprø og litt seig i midten. Akkurat dei to siste tinga er det du sjølv som styrer med steiketida, liker du dei sprø så har du dei i omnen litt lenger.


Kjeksane er best om du lager dei store, absolutt best om dei er rundt 8-10cm i diameter. Det viktigste er likevel at du lager alle kjeksane så like i storleik som mogleg. Dette gjer at dei blir steikte jamnt. 

Oppskrift:

240 gr mjøl
1/2 ts bakepulver
1/2 ts salt
160 gr romtemperert meierismør
190 gr brunt mjukt sukker
90 gr vanleg sukker
1 ss ekte vaniljesukker
1 egg
1 eggeplomme 
200-300 gr melkesjokolade 

1. Bland godt saman i ein kjøkkenmaskin, med grind/K-krok, sukkker, smør, brunt sukker og vaniljesukker. 

2. Bland inn egget og eggeplomma i smør/sukker-massen. Bland kraftig til det er lyst og kremete. 

3. Sikt mjølet, bland det forsiktig inn saman med salt og bakepulver i den kremete røra. 

4. Ha i grovhakka melkesjokolade, det kan godt vere litt store betar. Her bør du bruke god kvalitetssjokolade. Eg har laga kjeksen med både 200 og 300 gram, den er sjølvsagt best med 300 gram, men det er ein smakssak. Rør sjokoladen inn, ikkje rør meir enn nødvendig. 

5. Samle kjeksmassen i ein plastpose/brødpose, lag ei lang pølse av den inne i plastposen. Legg i kjøleskap. Når kjeksmassen er blitt kald og hard, tek du den ut og skjærer opp i skiver som du steiker ved 170°C. Steik til dei er gyldne. Ca 10-12 min. 


Tips:

Eg steiker aldri meir enn det eg treng om gongen.

Når eg har skjært opp det eg treng så frys eg resten av kjeksmassen. Den held seg godt i frysa om den er pakka godt inn i plast, og tiner fort når du skal skjære opp neste gong.

På denne måten kan ein servere nysteikte kjeks fleire gonger, og ein har alltid noko godt klar i frysa.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar