Sider

tirsdag 5. april 2016

F L Ø Y T E K A K E


Dette er ei fantastisk god kake, passer ypperleg til store anledningar. Er utruleg lett å variere i forhold til dekorasjon, så ein treng aldri å lage den lik som ein har laga før.

 

Sukkerbotn: 

6 egg 
180 g sukker 
180 gr kveitemjøl
1 ts bakepulver

Slik gjer du: 
Pisk egga saman med sukkeret i ein kjøkkenmaskin, pisk det til eggedosis. Eggedosisen skal vere så tjukk at du skal kunne sette tre strek i den, og når du set den siste streken, så ser du framleis den fyrste. No er eggedosisen klar, og du skal ikkje bruke kjøkkenmaskinen meir. 

Sikt mjøl og bakepulver i eggedosisen med ei sil/sikt, vend så dette forsiktig inn i eggedosisen. Du skal vende slik at alt mjølet vert blanda inn, men ikkje så kraftig at du presser ut for mykje luft frå eggedosisen. 

Hell røra i bakepapirkledte former, anten ei 24 cm i diameter, eller fleire små.

På desse bileta har eg brukt fleire små former, men alle fekk plass på eit bakebrett i omnen. 

Steik i forvarma omn, 160°C i ca 45 min. 

Dette med tida varierer mykje, ta dei ut når du ser at dei er ferdige, dei må ikkje stå for lenge i, då vert dei tørre. Du kan kjenne med ein kniv, stikk kniven i kakebotnen, er det deig på den når du tek den opp igjen så er den ikkje heilt ferdig.

Kakebotnane kan lagas ein dag og to i førevegen, då er det mykje lettare å arbeide med dei. Då oppbevarer du dei i plastpose i kjøleskapet.

 

Fylling av kaka:


Piska fløyte:
 

3 dl fløyte
1 ss sukker
1 ts ekte vaniljesukker 

Pisk dette saman til ein luftig krem i ein kjøkkenmaskin. Ikkje pisk for lenge, den skal ikkje skilje seg når du tek den i munnen. 

Vaniljekrem (Heimelaga eller ferdig kjøpt.)
Bringebærsyltetøy 
Aprikossyltetøy 
Mjølk til dynking 

Slik gjer du når du monterer: 

Skjær opp kakebotnane med ein stor konditorkniv/brødkniv, i så mange delar du ynskjer. 

Legg ein av delane oppå eit kakefat, dynk forsiktig med litt mjølk oppå botnen. Smør eit godt lag med bringebærsyltetøy på, smør så eit lag med vaniljekrem. No har du på ein ny botn, dynk forsiktig med mjølk. Smør på eit lag med aprikossyltetøy, ha så på eit godt lag med krem. Ha på ny botn, no kan du lage fleire lag oppover, eller du kan stoppe no. På den siste botnen du tek så skal du berre dynke litt med mjølk, og ha på eit godt lag med fløyte på toppen.

 

Dekorer etter ynskje, men som de ser har eg her pynta med friske bringebær, marsipanroser, sjokolademakronar, hakka frysetørka bringebær og fløyte. Fløyten har eg hatt i ein sprøytepose med stjernetyll. Og for at marsipanen til marsipanrosene skulle få ønska farge har eg blanda i rosa- og litt brun pastafarge i "Ekstra kvit Odense Marsipan". Då fekk eg varm og fin gammelrosa farge. 

 

Hugs at fløytekake må oppbevaras i kjøleskap, er haldbar opptil tre dagar.

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar