Sider

fredag 22. april 2016

L A N G P A N N E K A K E




Nokre gonger melder behovet seg for å lage ei heilt vanleg sjokoladelangpannekake. Når det skjer pleier eg å lage denne. Den er enkel å lage, og utruleg god på smak. I tillegg treng ein ikkje ha tallerken og skei for å ete den, det går heilt fint å berre halde den i handa. 




Som pynt på denne kaka har eg skogblomen «gauksyre», den er syrleg og god på smak. Dette er sjølvklart ikkje nødvendig, det vil fungere absolutt minst like godt med nonstop, kakestrø eller kokos. Eg for min del har venta lenge på at denne blomen skulle kome fram, så no endeleg var den her. Det var litt tidleg endå, så det kjem til å vere endå fleire, og større blomar om ei veke eller to. Desse er så fine og skjøre, og gjer seg utruleg godt som pynt på kaker, og i salater. Dei blømer ikkje så lenge, men blada er å finne heile vår og sommar sesongen, og dei er og gode som garnityr til middag, og i salatar. Det er mykje syre i denne veksten, så ein skal ikkje ete uendeleg store mengder av den, men litt er heilt ufarleg. 



Oppskrift: 

400 gr meierismør 
4,5 dl mjølk 
7 ss kakao 
4 egg 
3 dl brunt sukker 
5 dl kvitt sukker 
9 dl mjøl 
1 ts salt 
2 ts natron 
1 ss ekte vaniljesukker 
1 beger lett rømme 

1. Forvarm omnen på 180°C 
2. Kok opp smør, mjølk og kakao i ei gryte 
3. Ta gryta av plata, bland i 4 egg medan du rører godt med ein visp 
4. bland inn resten av ingrediensane med ein slikkepott, bland det til ei glatt og jamn røre. 
5. Ha røra i ei stor bakepapirkledt langpanne. 
6. Steik ved 180°C i ca. 35 min, sjekk med ein kniv eller liknande om kaka er ferdig steikt. Då stikk du kniven ned i kaka, om det heng røre på kniven då du tek den opp igjen, då må du steike den nokre minutt til.
7. La kaka kjøle seg heilt ned før du tek på sjokoladekrem. 



Sjokoladekrem:

400 gr melkesjokolade(Ein type som er så god at du kunne tenke deg å ete den einaste) 
200 gr fløyte 
1 ss smør 
½ ts salt

1. Varm fløyten til kokepunktet 
2. Ha i grovhakka melkesjokolade, la denne smelte i den varme fløyten 
3. Ha så i smør og salt. 
4. Kjøl kremen ned litt 
5. Ha kremen på den avkjølte kaka 
6. Eg har smelta litt kvitsjokolade i litt fløyte, og laga mønster oppå kaka. Dette er sjølvklart ikkje naudsynt, berre dekorativt. 
7. Sett kaka kaldt, skjær opp kaka når sjokoladekremen er kald og har sett seg. 


Denne kaka er aller best om den er romtemperert før eting, tykkjer eg. Om ein ikkje klarer å ete opp heile kaka på ei gong, kan ein sette den i kjøleskapet, så er den minst like god om den står nokre dagar. 


Og nokre gonger kan det vere helsemessig fornuftig å fryse ned restane. Det fungerer og fint, og den er like god når ein tek den opp igjen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar