Sider

tirsdag 31. mai 2016

S O M M A R K A K E


No er det nære på at den norske jordbærsesongen er i gang. Det er like frydefullt kvart år. Rundt her som eg bur kjem det då opp fleire bord langs med vegen der det er mogeleg å få kjøpt nyplukka jordbær direkte frå den som dyrkar dei. Det ser eg på som ei gåve til lokalsamfunnet. 


 Jordbæra er gode akkurat som dei er, men dei er og utruleg gode og fine til kaker. Eg har difor komponert ei kake som kan vere til nytte og glede no i starten av sommaren. 


Moccabotn: 

300 g brunt sukker 
300 g kveitemjøl 
200 g kvitt sukker 
100 g mørk sjokolade 
1 ss kakao
ss natron 
1 ½ ts bakepulver 
2 ts salt 
3 egg 
4 dl h-melk 
50 g smør 
3 dl varm kaffe 


Visp egga lett saman, du treng ikkje bruke maskin. Varm melka slik at den er lunken, smelt smør, visp begge deler inn med egga. Bland inn brunt- og kvitt sukker, kveitemjøl, kakao, natron, bakepulver og salt, rør saman til ei jamn røre. Tilsett varm kaffe og smelta sjokolade, rør til ei glatt røre. 


Ha bakepapir i kakeforma/formene. Eg liker å lage mange små botnar på ei gong. Så lenge du har plass til formene på eit steikebrett går det fint å steike mange botnar på ei gong. Ikkje fyll i formene meir enn 2/3 opp til kanten. Steik botnane midt i omnen på 160°C, i ca. 35 - 40 min. Bruk ein strikkepinne eller ein kniv til å sjekke om botnane er ferdige, stikk då denne i midten av kakebotnane, om det ikkje heng deig igjen på kniven/strikkepinnen er botnane ferdige. Botnane må avkjølas heilt før du tek dei ut av formene. 


Mascarponekrem: 

250 g mascarpone 
4 ss melis 
2 ts ekte vaniljesukker 
1,5 dl fløyte 


Bruk ein handmixar eller ein kjøkkenmaskin til å piske saman mascarpone, vaniljesukker og melis. Ha så i fløyten, pisk vidare til den er tjukk og luftig. Den skal vere god og lett å smørje ut, men pass på å ikkje piske for lenge. Du må stå ved maskinen heile tida for å passe på, slik at kremen ikkje skil seg. Stopp maskinen med ei gong du ser at kremen er så tjukk at den kan halde formen når du smørjer eller sprøyter den ut. 


Montering av kaka: 

Del moccabotnen i to eller tre delar med ein konditorkniv eller ein brødkniv. Legg ein av delene oppå kakefatet, dynk botnen med kaffi. Når du dynker har du kaffi i ein kopp, og bruker ei skei til å fordele litt kaffi jamnt utover botnen. Dynkinga skal gjere kaka saftigare, og i tillegg tilføye smak. Ha på eit jamnt og tjukt lag med mascarponekrem. Legg skiver av friske jordbær oppå. Ha på neste lag med botn, og gjenta prosessen med dynking, mascarponekrem og jordbær. Legg på siste botn, dynk denne og med kaffi. Ha på eit lag med mascarponekrem. Pynt med friske jordbær, spiselige blomar(her har eg pynta med epleblomar og kvit syrin), og eit lite dryss kakao. Når ein drysser kakao er det godt å bruke ei lita sil/sikt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar